Arkivplan.no og utviklingsgruppa

Utviklingsarbeidet

Bakgrunn

Arkivplan.no er eit samarbeid mellom 20 kommunearkivinstitusjonar (IKA, fylkesarkiv og byarkiv) og Arkivplan.no AS. Samarbeidet starta i 2002 etter eit initiativ frå Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal. Utviklingsarbeidet har heile tida vore eit samarbeid mellom kommunearkivinstitusjonane og Arkivplan.no AS

Utviklingsgruppa

I 2015 vart det satt i gang eit 3-årig utviklingsløp der kommunearkivinstitusjonane har ytt økonomisk tilskot og arbeidskraft til ei utviklingsgruppe, og Arkivplan.no AS har tatt på seg å utføre dei tiltaka ein har vorte samde om innanfor rammene for arbeidet. Det er mange som har gjort ein stor innsats i utviklingsgruppa og som skal ha ære for det som er gjort. Naturlegvis vil det verte litt utskiftingar når folk byter jobb eller får andre oppgåver. Per no er dette utviklingsgruppa:

  • Birte Young – Øygarden kommune
  • Pål Mjørlund – Fylkesarkivet i Oppland / IKA Opplandene
  • Bjørnar Bø – IKA Kongsberg
  • Synnøve Dahl Wiseth – IKA Trøndelag
  • Kathrine Husø Johansen – Søre Sunnmøre IKT
  • Beate Aasen Bøe – IKA Rogaland
  • Ole Stian Hovland – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (koordinator for arkivplansamarbeidet)
  • Representant frå Arkivplan.no AS (utviklar)

Det har vore nokre avbrot i arbeidet, men vi er no i ferd med å fullføre det siste året i utviklingsløpet.